Korleis tek du imot årets første snø? Stiller du deg raskt i snøfreserkø på Felleskjøpet? Fester du skia på sekken og kjemper deg gjennom krattskogen mot toppen? Eller stopper du opp og lar snøfnugga dale ned og lande i hendene dine?
Jula er familietid, store forventningar, mange ekstraoppgåver i ein kvardag som kanskje oppleves full nok allerede. Det er lett å gå i snøfreser-mode og brøyte seg gjennom kakebaking, dukar og gåver. Eller velge topptur-taktikken der andre mål vert viktigast å nå før jul.
Kombinasjonen av desse tilnærmingane kan vere eksplosiv og kulminerer gjerne på lille julaften i eit skeivt ord eller ein anklage som umiddelbart tek lufta ut av rommet. Kva vel dei involverte no? Kulden, sjokket og skuffelsen er øyredøyvande. Den skjøre julefreden er eit valg. Den skjøre nabofreden er eit valg. Den skjøre verdensfreden er eit valg. Å velge fred kan øves på. Å stoppe opp, med varme opne hender og ta imot – også når det er vanskelig.
Med øving kan vi hjelpe kvarandre til å verte rausare, til å stoppe opp og merke at også dei harde orda vert rundare i møte med varmen.
Må kvar snøkrystall i det nye året minne oss om å ta kvarandre imot med varme og åpne hender. Godt nyttår!
Som ein snøkrystall
Tekst: Simen
Melodi: Siri og Simen
Eit augeblikk med frost gjer verda kald
Vi veksler blikk med hjertet i fritt fall
Ein vil vekk, den andre helde fast
Og kviskrar; husk vi er kvarandres snøkrystall
Ta meg imot som ein snøkrystall
Ta meg imot når eg er i fritt fall
For vi veit at skarpe kantar rundes av
Når varme hender tek imot
Og vi ser at det å vere heilt unik
Gjer verda rikare enn om vi var lik
Musikar og låtskrivar Siri Birk og tekstforfattar/komponist/produsent SICO (Simen Aabrekk) er aktuelle med den nye singelen Snøkrystall. Ein varm og ettertenksam vintersong om å våge å møte kvarandre med opne hender, også når det føles sårbart og krevjande. Vi er alle unike, og dei skarpe kantane våre treff nokre gangar litt hardare enn vi hadde tenkt. I Snøkrystall utforsker Siri Birk og SICO korleis varme og raushet kan smelte isfronten imellom oss. Songen vart komponert ein klar vinterdag på Nordstranda i Gloppen, og spelt inn i heimestudioet Prente Music. Resultatet er ei stillferdig, poetisk påminning om at det å velje fred, i det små og i det store, er noko vi kan øve på og ligg på alle digitale plattformer.
Tekst: Simen Aabrekk
Melodi: Siri Birk & Simen Aabrekk
Produksjon: SICO
Utgivelse: 04.01.2026