Eg veit for lite...

Eg veit for lite...

Har du merka kor lett det er å vere skråsikker på ein ting du veit lite om? Og dess meir du lærer om noko, dess meir forstår du at du ikkje kan?

Denne kjensla dukka opp fleire gongar i løpet av året eg hadde på Bibelskulen i Grimstad. Eit tema som Solveig, ein av medelevane mine, og eg snakka om i klassen ein dag var tanken om at vi kan vere i live når Jesus kjem igjen. Du har kanskje tenkt det samme som oss, at når man dør så kjem ein til himmelen. Men kva skjer viss Jesus kjem igjen i dag?

Det står jo litt om det i Johannes` Openberring, og vi kan blant mykje anna lese i kapittel 11:

«Då høyrde dei ei høg røyst frå himmelen som sa til dei: «Stig opp her!» Og dei steig opp til himmelen i ei sky, midt for auga på fiendane sine. 13 I same stunda kom det eit stort jordskjelv. Tiandedelen av byen rasa saman, og sju tusen menneske vart drepne i jordskjelvet. Dei som var att, vart gripne av redsle og gav Gud i himmelen ære. 

Når eg les i denne boka i bibelen, så er det ganske voldsomt, langvarig, skremmande og nesten umogleg å sette det inn i kontekst i samfunnet vi lever i idag. Frå når vil vi bli involvert?  Det blir jo sagt han vil komme tilbake på same måte som han drog, men vil det sei at han kjem med kjortel og sandaler, eller som ein voksen mann med dongeribukse, t-skjorte og telefonen i handa?  Vil vi høyre om det på sosiale medier først? Eller vil vi vere der mens det skjer? Ja, vil det han seier høyres kjent ut for oss? Vil vi kjenne han meir enn vi ser han? Det er jammen ikkje lett å vite, og eg kjenner på eit behov for å forenkle, og plassere det i ein kontekst som eg kjenner. Sangen Heaven On Earth handlar om å lufte alle desse tankane, og bildet, som er laga av AI, framstiller det slik eg kanskje helst skulle ønske det vert. Ei ny verd, der relasjonen med Jesus vert enda tettare for mange fleire menneske midt i sin kvardag. Men kva veit vel eg...

Enn så lenge, så har eg forstått at eg ikkje veit, og ifølge dei som veit meir enn meg, så har ingen fasit på desse spørsmåla. Det vi i klassen landa på saman, som midlertidig løysing, er å leve livet fullt ut. Leve livet mens vi har det, og bruke tida vår på å bli best mulig kjent med Jesus og det han har tenkt for oss. Slik kan vi auke sjansen for at vi skjønner når det skjer og kjenner han igjen når han kjem tilbake.

 

Heaven on Earth

T/M: Simen Aabrekk

                 

If today was the day…                    

How could I recognise you through the 

layers of what may seem to clutter the view

in the ordinary way that makes me feel blue?

Will your image be as crisp

through the screens that now exist?

Will your warmth travel fast through all in need and reach me

at last?

And what about your voice so clear, will I understand it here?

I don’t know enough, I fear..

 

If I die, by Your grace, I’ll kneel by Your throne.

But going straight from birth to heaven on earth,                                  

who will be found and who will be gone?                       

God, please tell me you’ll answer your phone..